fredag 24. september 2010

Digitale Dødsfall

Våren 2010 utlyste Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAD) prosjektkonkurransen Nettskap 2.0, m.a for å stimulere bruk av allereie eksisterande offentlege data på nettet. Kunngjering av dødsfall på ein moderne, digital måte er vårt bidrag.

Treng me det? Tja. Om du les ei eller fleire aviser fast, har regelmessig god kontakt med naboar i ymse aldrar og gode kontaktar i lokalsamfunnet, er ikkje dette noko stort problem. Men tidene endrar seg.

Idag brukar me vesentleg meir tid på internett enn på aviser. Norske aviser opplever dramatisk opplagsnedgang og mange er ikkje vel integrerte i sitt nærmiljø. Det er travle tider med jobb, kveldsaktivitetar, reiser osb. Med andre ord: dei tradisjonelle informasjonskanalane for dødsfall er ikkje lengre treffsikre mot publikum.

Og det er framleis pinleg å ikkje delta i ei gravferd ein burde ha stilt opp i, ikkje minst når ein ikkje visste om dødsfallet i det heile. Gravferder er ikkje noko ein går i med lyst, men det kjennest heller ikkje noko særleg å ikkje fått vist den siste respekt til avdøde og pårørande.

Her er eit sjølvopplevd døme: Grunna ein travel kvardag med reiseverksemd, og følgjeleg lite kontakt med nabolaget i ein periode, gjekk det hus forbi at naboen si mor, som også budde i grenda, gjekk bort. Gravferda var over før nokon i min husstand fekk vite om det.

Kanskje er det få andre med slike 'sære interesser' om dødsfall, men etter oppstart av prosjektet Digitale dødsfall har fleire tatt kontakt med liknande opplevingar: pinlege episodar overfor pårørande, gjerne fleire månader etter bortgangen som, ja, vart borte.

VG bidreg med følgjande hjartesukk:



Vår løysing går ut på å tilby publikum å abonnere på anmeldte dødsfall for ønska kommune, enten pr epost eller via smarttelefon-app. Enkelt, ufarleg, effektivt og gratis meiner me det skal vera. Kva meiner du?

2 kommentarer:

  1. Støttes! Men det burde også tilbys som en tjeneste til instanser i lokalmijøet. Kirkene får (enn så lenge) melding om alle dødsfall "innensokns", men "nærmiljø" er jo ikke alltid det samme som "sokn". Og det er andre som ikke har den tilgangen på informasjon - skoler, eldresentre, osv., som godt kan vite det. (Dette er vel pr. def. offentlig informasjon, så jeg kan i alle fall ikke umiddelbart se noen grunn til at det ikke skulle kunne bekjentgjøres - også der pårørende ikke aktivt har gjort noe for det?) Kanskje dette også kunne gjøre antall gravferder med ingen, en eller to til stede litt færre, og bidra litt til å minske den merkverdige beskjedenheten folk ofte føler mht. å "plage naboene" med slikt. Naboer har noe med hvem so er død i nabolaget - både for egen del og for avdødes og pårørendes del.
    Lykke til!

    SvarSlett
  2. Takk for det, Jon. Lansering av beta nærmar seg - følg med ;)

    SvarSlett