fredag 14. september 2012

Nedetid

Vår Kondolerer iOS-app for iPhone og iPad vil ikkje bli oppdatert med nytt innhald ei tid framover.

Registrerte epost-adresser via www.kondolerer.no vil bli varsla når pågåande oppgraderingar er klare.

Me seier oss leie for ulempene dette medfører våre brukarar.

mandag 18. juni 2012

Kondolerer app

Med app-en Kondolerer kan du enkelt halde deg orientert over komande seremoniar, gravferdsannonser og dødsfallskunngjeringar frå utvalde distrikt og kommunar, m.a Oslo, Bergen, Molde og Sandnes. Slår du på varsling og vel distrikt, kan du også få tilsendt seremonivarsel på epost.

Prosjektet Digitale Dødsfall, som no er ein del av Kondolerer.no, har utvikla digital gravferdskunngjering sidan 2010 med støtte frå Regjeringas IT-tevling Nettskap2.0. I januar 2012 vart Kondolerer.no til – og premiert på Startupweekend i Bergen.

Tenestene er som før opne for alle, gratis og utan reklame. App-en Kondolerer er tilgjengeleg for iPhone, iPad og iPod touch.

Synspunkt? Me høyrer gjerne frå deg på facebook.com/kondolerer.no eller i ein epost!

torsdag 3. november 2011

Ny versjon for iOS


DigD-brukarar som nyttar iPhone eller iPad kan no velge å oppgradere til ny versjon. Nye kommunar er kome til (sjå oversikt) inndelt etter fylke og med valgfri sortering på dato eller etter navn.

Legg gjerne inn ein kommentar under!

fredag 20. mai 2011

Nasjonal versjon, fleire kommunar

DigD er klar i ny versjon for Android og iOS. Om nokon vil teste for Windows Phone, ta gjerne kontakt.







Fleire kommunar er no inkludert i tenesta (oversikt), somme under felles fane for enklast mogleg navigering. T.d vil 'Gjøvik & omland' vise data frå kommunane Lunner, Gran, Søndre Land, Nordre Land, Østre Toten, Vestre Toten og Gjøvik. Det samme gjeld 'Eiker, Modum ...' som dekker kommunane Nedre Eiker, Øvre Eiker, Modum, Sigdal og Krødsherad.

Landets første digitale dødsfallsregister?
I skrivande stund dekker DigD omlag 25% av landet målt etter innbyggjarar. Me dristar oss difor til å kalle DigD for ei nasjonal teneste med fleire kommunar på veg. Hjelp oss gjerne vidare om du saknar ditt distrikt her. Utviklinga av neste versjon er godt i gang og vil gje ny funksjonalitet både til app-ar og på DigD.no.

Dagleg oppdatering
Oslo blir framleis oppdatert dagleg, medan andre datakjelder for tida kun tilbyr periodisk oppdatering frå vekentleg til månadleg.

Kun for iOS-versjonen



Menyvalget 'More' viser samtlege tilgjengelege kommunar/distrikt og sorteringsmåtar. Ved å velge 'Edit' kan hovedmenyen nederst endrast: dra ønska symbol for dine ønska kommunar (t.d Bergen) ned på hovedmenyen. Ved å trykke på 'Done' oppe til høgre er endringa lagra og ein tilbake i vanleg lesemodus.

Kommentarar og innspel er framleis svært nyttig – bruk gjerne kommentar-feltet under her på utviklingsbloggen eller følg DigD på Facebook.


onsdag 16. februar 2011

Gå aldri glipp av ei gravferd

Mobilapplikasjonen DigD er no oppgradert med alfabetisk oversikt over seremoniar komande 10 dagar.  Ny versjon er tilgjengeleg både for Android og iOS ved oppdatering via hhv Android Market og Apples App store.


I tillegg er bugs retta for iPhone. Send gjerne fleire forslag til funksjonar og kommentarar: alle nyheiter og endringar i denne versjonen er på bakgrunn av innspel frå brukarar.

tirsdag 11. januar 2011

Klar for Android og iPhone/iPod touch

DigD
Mobil-applikasjonen til 'Digitale Dødsfall' er no klar for Android og iOS. Dagleg oppdatering av anmeldte dødsfall for Oslo er dermed tilgjengeleg for over halvparten av alle smarttelefon-brukarar.

Nedlasting skjer som vanleg frå telefonen med hhv Androids 'Market' og Apples 'App store'.

Applikasjonane er gratis og fri for reklame, men kom gjerne med synspunkt om prosjektet eller applikasjonen i kommentar-feltet under, frå applikasjonen eller som ein 'rating' der du lastar ned applikasjonen.


Velg mellom kronologisk (nyaste øverst) eller alfabetisk sortering.

Du kan også lese brukarkommentar i 'Sagt om'.

fredag 24. september 2010

Digitale Dødsfall

Våren 2010 utlyste Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAD) prosjektkonkurransen Nettskap 2.0, m.a for å stimulere bruk av allereie eksisterande offentlege data på nettet. Kunngjering av dødsfall på ein moderne, digital måte er vårt bidrag.

Treng me det? Tja. Om du les ei eller fleire aviser fast, har regelmessig god kontakt med naboar i ymse aldrar og gode kontaktar i lokalsamfunnet, er ikkje dette noko stort problem. Men tidene endrar seg.

Idag brukar me vesentleg meir tid på internett enn på aviser. Norske aviser opplever dramatisk opplagsnedgang og mange er ikkje vel integrerte i sitt nærmiljø. Det er travle tider med jobb, kveldsaktivitetar, reiser osb. Med andre ord: dei tradisjonelle informasjonskanalane for dødsfall er ikkje lengre treffsikre mot publikum.

Og det er framleis pinleg å ikkje delta i ei gravferd ein burde ha stilt opp i, ikkje minst når ein ikkje visste om dødsfallet i det heile. Gravferder er ikkje noko ein går i med lyst, men det kjennest heller ikkje noko særleg å ikkje fått vist den siste respekt til avdøde og pårørande.

Her er eit sjølvopplevd døme: Grunna ein travel kvardag med reiseverksemd, og følgjeleg lite kontakt med nabolaget i ein periode, gjekk det hus forbi at naboen si mor, som også budde i grenda, gjekk bort. Gravferda var over før nokon i min husstand fekk vite om det.

Kanskje er det få andre med slike 'sære interesser' om dødsfall, men etter oppstart av prosjektet Digitale dødsfall har fleire tatt kontakt med liknande opplevingar: pinlege episodar overfor pårørande, gjerne fleire månader etter bortgangen som, ja, vart borte.

VG bidreg med følgjande hjartesukk:



Vår løysing går ut på å tilby publikum å abonnere på anmeldte dødsfall for ønska kommune, enten pr epost eller via smarttelefon-app. Enkelt, ufarleg, effektivt og gratis meiner me det skal vera. Kva meiner du?